Behov for besøk og arrangement som aukar livskvaliteten i institusjonar

Helsedirektoratet må rettleie kommunane i korleis bebuarane i sjukeheimar igjen kan få ta del i kulturelle aktivitetar.

PUBLISERT:
22.02.2021
OPPDATERT:
26.02.2021

Tilgangen til å besøke helse- og omsorgsinstitusjonar har lenge vore hindra av omsynet til smittevern. Det har gått ut over organiserte aktivitetar og arrangement.

Dermed har bebuarane gått glipp av sosiale, kulturelle og åndelege opplevingar. 

Brev til Helsedirektoratet

Vi har no sendt brev til Helsedirektoratet. Der oppmodar vi direktoratet om å rettleie kommunane i korleis dei kan vende tilbake til ein kvardag med organiserte aktivitetar – og nødvendig smittevern. 

I MEDIA: Les meir om initiativet vårt i Vårt Land

Vaksineringa gir nye moglegheiter

Eldreombodet er bekymra for kva mangelen på opplevingar vil føre til for bebuarane. Dei er heile menneske med behov for meir enn fysisk tryggleik. 

Vaksineringa gir nye moglegheiter, og vi er opptekne av at det må kome bebuarane til gode overalt. 

Les brevet vi har sendt til Helsedirektoratet.

LES OGSÅ: Sosial isolasjon i koronatiden