– Bent Høie må avklare om klemmeløftet gjeld på sjukeheimane

– Det er godt at regjeringa i dag seier at fullvaksinerte kan få besøk og klem av uvaksinerte heime. Men det må avklarast om dette også gjeld dei fullvaksinerte som bur på institusjon, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.

PUBLISERT:
28.04.2021
OPPDATERT:
01.05.2021

 

På pressekonferansen 28. april sa helse- og omsorgsministeren blant anna at «I private hjem og private sammenhenger endrer vi rådene: […] Fullvaksinerte kan ha nærkontakt [med] uvaksinerte som ikke er i risikogruppen.»

– Gjeld «private heimar og private samanhengar» også for dei som har heimen sin på sjukeheim eller ein annan institusjon? Det må bebuarane, deira pårørande og kommunane få vite, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.

Bebuarane og pårørande må få klar beskjed

Eldreombodet er bekymra over at enkelte kommunar framleis har besøksrestriksjonar på sjukeheimane, sjølv om bebuarane er fullvaksinerte.

– Klemmeløftet frå statsråden er lite verd for dei som bur på sjukeheim, viss ikkje kommunane får klar beskjed frå helsestyresmaktene om at også bebuarane no kan ha besøk og nærkontakt, seier Jacobsen.

Kommunane må få betre informasjon og følge opp

Koronakommisjonen dokumenterer at kommunane har etterlyst betre informasjon frå dei nasjonale styresmaktene om endra koronatiltak, minner eldreombodet om.  

Eldreombodet vil sende brev til eldreråda i fylka og oppfordre dei til å følge nøye med på om kommunane lar dei fullvaksinerte på institusjonane få besøk.