Ber LO heve aldersgrensa for leiarverv

Eldreombodet oppfordrar LO til å heve aldersgrensa for leiarar i organisasjonen frå 60 til minst 65 år. – LO bør vise veg, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen til VG.

PUBLISERT:
04.05.2021
OPPDATERT:
04.05.2021

– LO er på mange felt offensive og set dagsordenen i ei rekke viktige samfunnssaker. Men ikkje når det gjeld aldersgrenser, seier Jacobsen til VG.

I MEDIA: Les utspelet om saka i VG

Dagens aldersgrense gjer at ingen over 60 år kan veljast inn i leiinga på LO-kongressen som er utsett til neste år. 

– Med sin sterke posisjon vil LO gi eit svært viktig og positivt signal til resten av samfunnet ved å heve aldersgrensa, meiner eldreombodet. 

– Det er brei semje i samfunnet om å legge betre til rette for at folk skal kunne stå lenger i jobb. Då gir det ikkje lenger mening å ha ei så låg grense som 60 år for tillitsverv, meiner Jacobsen.