Ber regjeringa prioritere eldre i statsbudsjettet for 2023

Sats sterkare på psykisk helse for eldre, både i primær- og spesialisthelsetenesta. Det er noko av det Eldreombodet ber regjeringa prioritere i framlegget til statsbudsjett for 2023.

PUBLISERT:
02.05.2022
OPPDATERT:
04.05.2022

«Stadig flere eldre over 80 år vil innebære stadig flere med stort bistandsbehov i befolkningen, uavhengig av om helsetilstanden blant de eldste stadig blir bedre», har Statistisk sentralbyrå slått fast

– Prioriter eldre 

Eldreombodet ber regjeringa om å prioritere eldre på fleire frontar i framlegget til statsbudsjett for 2023: 

  • ei sterkare satsning på psykisk helse for eldre, både i primær- og spesialisthelsetenesta
  • større løyvingar til dei kommunale omsorgtenestene
  • verktøy som kan avdekke vald mot eldre i alle kommunane
  • tiltak som sørger for at ikkje-digitale eldre unngår digitalt utanforskap
  • midlar til Eldreombodet for å utarbeide statusrapporten «Eldrestatus»

Innspel til tre departement

Les innspela om statsbudsjettet for 2023 som vi har sendt til