Debatt: Aps støtte til Eldreombodet

Slik barn har Barneombodet, skal eldre ha Eldreombodet. Det slo Arbeidarpartiet fast då Stortinget oppretta Eldreombodet i 2020. Og slik må det framleis vere, skriv eldreombod Bente Lund Jacobsen.

PUBLISERT:
22.09.2022
OPPDATERT:
26.09.2022

 

Av Bente Lund Jacobsen, eldreombod

Innlegget er publisert i fleire aviser. 

 

Stortingsrepresentant Tuva Moflag (Ap) sa klart ifrå i Stortinget då lova om Eldreombodet blei einstemmig vedtatt:

«Arbeiderpartiet støtter det forslaget som ligger til organisering av Eldreombudet slik det er i dag. Det er bra at man får et eldreombud som tar utgangspunkt i Barneombudet, slik at Eldreombudet kan være en stemme på tvers av samfunnsområder, og at Eldreombudet kan være både en pådriver for eldrepolitikk og ei vaktbikkje i samfunnet.»

Det gir inga meining om regjeringspartia skulle sjå annleis på dette no – berre to år etter.

SV: Viktig arbeid

Så er det heller ikkje gjort noko vedtak om å legge ned Eldreombodet. I vår varsla regjeringa at ho vil kome med eit nedleggingsforslag denne hausten, i samanheng med statsbudsjettet. Den 6. oktober veit vi om nedleggingsforslaget blir lagt fram.

Kjem det eit forslag om nedlegging, må SV avvise det i Stortinget. Då er der ikkje fleirtal for å legge ned. Stortinget bestemmer.

SV-leiar Audun Lysbakken sa det godt i helsinga si då Eldreombodet blei opna i 2021: «At det blir flere eldre, er et tegn på et godt samfunn. Vi må slutte å ha en debatt der det framstilles som et problem. Derfor er det arbeidet som skal gjøres her, viktig.»

Ikkje eit pengespørsmål

Framtida for Eldreombodet kan ikkje reduserast til eit budsjettspørsmål. Eldreombodet blei oppretta ved ei eiga lov som heile Stortinget stemte for. Så lenge lova om Eldreombodet består, består Eldreombodet.

Lova bygger på brei støtte i høyring frå Norges Røde Kors, Norsk Sykepleierforbund, Likestillings- og diskrimineringsombodet, pasient- og brukaromboda og mange andre.

Røde Kors sa det slik: «Røde Kors møter mange sårbare eldre hver dag, hele året, og ønsker lov om Eldreombudet varmt velkommen (…) det er svært positivt at den nye lov om eldreombud fastslår at det skal være et uavhengig forvaltningsorgan for å ivareta eldres interesser.»

Skal jobbe på tvers

Då regjeringa i vår sa at Eldreombodet overlappar med andre instansar, vitna det om manglande forståing for rolla dei nasjonale omboda har.

Stortinget har gitt Eldreombodet i oppdrag å fremme interessene til eldre i heile samfunnet. Då må vi nødvendigvis engasjere oss på område der også andre instansar er aktive, akkurat som Barneombodet.

Slik må det vere når vi har den funksjonen Tuva Moflag (Ap) peika på: Vi jobbar på tvers av samfunnsområde.

Det Stortinget gjorde i 2020 – å gi ei ny gruppe i folket sitt eige ombod – var historisk. Det går mange år mellom kvar gong Stortinget opprettar nasjonale ombod.

Når det var rett i 2020 at eldre skal ha Eldreombodet som si vaktbikkje, må det vere rett i 2022 òg.