Eldreombodet krev eit offentleg alternativ til BankID

Mange eldre har problem med å identifisere seg på nettet. Eldreombodet ber staten om å innføre ei ny løysing som er meir brukarvennleg enn BankID. Ikkje-digitale innbyggarar må også få mykje meir hjelp og opplæring, krev vi.

PUBLISERT:
22.08.2022
OPPDATERT:
08.09.2022

Fortvilte eldre og pårørande fortel Eldreombodet at dei har store vanskar med å betale rekningar og løyse andre oppgåver på internett.

For mange er det å bruke elektronisk identifikasjon (eID) ein del av problemet. Dei aller fleste som i dag identifiserer seg elektronisk, brukar BankID. 

Det er behov for ei ny løysing som er like sikker som BankID, men som er enklare å bruke, meiner vi. 

Ber om tre tiltak  

Vi utfordrar styresmaktene til å sette i verk tre tiltak: 

  • Få utvikla ei eID-løysing på høgt tryggleiksnivå som er eigd og forvalta av det offentlege.
  • Lag ei brukarvennleg løysing for å gi fullmakt til andre. Løysinga må kunne brukast på tvers av offentlege tenester.
  • Gjer ikkje-digitale eldre trygge med hjelp, opplæring og rettleiing over tid. 

Desse forslaga gjer vi greie for i eit høyringssvar til Kommunal- og distriktsdepartementet. 

Les meir om tiltaka vi foreslår i høyringssvaret

Må bli enklare å gi fullmakt 

Eitt av forslaga våre er å gjere det enklare å gi fullmakt til personar som skal utføre oppgåver på vegner av eldre. 

Mange erfarer at det er tungvint og uoversiktleg å opprette fullmakter som skal brukast overfor ulike offentlege verksemder. 

Eldreombodet ber om ei løysing der fullmakter kan gjelde på tvers av verksemder. Løysinga må på ein enkel måte vise kva personane med fullmakt har fått mynde til.