Eldreombodet svært bekymra for rekrutteringa til heimetenestene

Dersom fleire eldre skal kunne bu lenge i heimen, må heimetenestene ha helsepersonell med riktig og høg kompetanse.

PUBLISERT:
21.08.2021
OPPDATERT:
21.08.2021

Det var ein hovudbodskap frå eldreombod Bente Lund Jacobsen til helse- og omsorgsminister Bent Høie då dei møttest i Ålesund fredag. 

Høie og Jacobsen fekk kome på besøk heime hos Lena og Arnstein Hansen. Arnstein Hansen mottar heimetenester frå kommunen og fortalde ministeren og eldreombodet om sin kvardag.

Eldreombodet utfordra ministeren på blant anna desse sakene:

Stort behov for helsefagleg kompetanse i kommunane

Det er venta at talet på personar over 80 år vil bli dobla i løpet av dette tiåret. Ofte er det nettopp etter fylte 80 år at folk får fleire sjukdomar. Reforma «Leve hele livet» legg opp til at fleire skal bu heime. Vi må dermed vente at heimebuande vil ha stadig fleire sjukdomar, som også kan forverre kvarandre.

Utan rett kompetanse vil det vere vanskeleg for helsearbeidarane å tolke symptoma til den eldre. Det blir uhyre viktig å rekruttere kompetente helsearbeidarar. Det gir grunn til stor bekymring at kommunane allereie i dag har problem med å rekruttere. Pårørande og frivillige skal ikkje måtte gjere jobben til kommunane.

Vald, overgrep og forsømming må avdekkast

Det er nyleg dokumentert at vald, overgrep og forsømming er utbreidd i institusjonar. Men dei fleste eldre bur heime. Og halvparten av dei heimebuande over 80 år, bur åleine.

Det finst for lite kunnskap om kva dei heimebuande blir utsette for. For mange som har god helse, kan fastlegen vere den einaste kontaktpersonen i det offentlege apparatet. Det er store utfordringar med å rekruttere fastlegar i distrikta.

Kven skal då fange opp dei sårbare, heimebuande eldre? Arbeidet for å avdekke og førebygge vald og overgrep er for fragmentert. Eldreombodet meiner staten må ta et nasjonalt ansvar for å gi kommunane verktøy og ressursar, og legge press på kommunane. 

Mangel på kunnskap om mat og ernæring

Det finst lite forsking på kosthaldet til heimebuande eldre i Noreg. Den kunnskapen som finst på området, har myndigheitene stort sett fått ved å spørje helsepersonell, ikkje eldre sjølv.

Politisk har det vore sett søkelys på mat og ernæring i stortingsmeldingar og på andre måtar. Men her har ein ikkje tatt for seg heimebuande eldre spesifikt.

Helse- og omsorgsdepartementet har laga ein rettleiar til kommunane om å gå på førebyggande heimebesøk, blant anna for å kartlegge ernæringa til eldre. Men svært få kommunar gjer dette i praksis.

Eldreombodet utfordrar staten til å skaffe kunnskap om og sette i verk tiltak for mat og ernæring for nettopp heimebuande eldre.