Eldreombodet vil ha eldrekoordinator i alle kommunar

Alle kommunar bør ha ein koordinator som involverer, rettleier og tilbyr opplæring til eldre innbyggarar.

PUBLISERT:
24.03.2021
OPPDATERT:
24.03.2021

Eldreombodet har levert høyringssvar om den offentlege utgreiinga «NOU 2020:15 – Det handler om Norge». 

Stimulere til frivillig innsats

I høyringssvaret peikar Eldreombodet på at eldre er ein ressurs og ikkje må omtalast som ei belastning.

Eldre bidreg sterkt i det frivillige arbeidet i distrikta. Det å stimulere til endå meir frivillig innsats, vil vere særs viktig for å skape gode lokalsamfunn. Eldre kan hjelpe andre eldre. 

Eldreombudet viser til kommunar som har tilsett eldrekoordinatorar. Vi foreslår å innføre eldrekoordinatorar i kvar av kommunane.

Lose, hjelpe og engasjere eldre

Koordinatorane skal 

  • støtte og fremje lokalt frivillig arbeid, kulturtilbod og aktivitetar retta mot eldre innbyggarar
  • lose eldre innbyggarar til relevante kommunale tenester
  • hjelpe med rettleiing og opplæring i bruk av digitale tenester
  • legge til rette for rekruttering til frivillig arbeid, i samarbeid med frivilligsentralar 

Eldrekoordinatorane vil styrke og avlaste dei andre kommunale tenestetilboda.

Les heile høyringssvaret vi har levert