– Eldre må få behalde Eldreombodet som si vaktbikkje, slik barn og unge har Barneombodet. Det er skuffande at regjeringas foreslåtte kutt på 1 million kroner i Eldreombodets 2022-budsjett ikkje er tatt bort i avtalen om revidert nasjonalbudsjett, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.
Men Stortinget har ikkje gjort noko vedtak om å legge ned Eldreombodet.
– Løpet er ikkje køyrt
– Kampen mot forslaget om å legge ned Eldreombodet held fram, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.
Så lenge lova om Eldreombodet består, består Eldreombodet. Stortinget oppretta einstemmig Eldreombodet ved ei eiga lov i juni 2020.
– Takk til alle som kjempar
– På vegner av eldre vil eg rette ein varm takk til alle som kjempar mot forslaget om å legge ned Eldreombodet. Mange engasjerer seg sterkt mot den foreslåtte nedlegginga, og vi håpar det lovar godt for den vidare prosessen, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.