Regjeringa anbefaler at personar som er 65 år og eldre får ein oppfriskingsdose med koronavaksine når det har gått seks månader sidan dei fekk andre dose.
Eldreombod Bente Lund Jacobsen viser til at ein del eldre tidlegare har hatt problem med å få meldt seg på til koronavaksinering.
Må vere lett også for ikkje-digitale
Ikkje alle er digitale og kan bruke ei påmeldingslenke dei får tilsendt på sms.
– Kommunane må ta opp telefonen og ringe folk, seier Jacobsen til Nettavisen.
I MEDIA: Les om saka i Nettavisen.
– Det mangla mykje sist
Eldreombodet har tidlegare slått fast at kommunane ikkje kan nøye seg med å bruke sms og brev for å tilby eldre koronavaksine.
– Det som blir viktig no framover, er korleis kommuane kommuniserer ut til folk flest. Det mangla mykje sist. Det var mange utfordringar og misforståingar, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen til Nettavisen.