Kronikk: Gi eldre og sjuke eit val

Pandemien må ikkje få hindre nokon i risikogruppene frå å delta i det komande valet.

PUBLISERT:
21.12.2020
OPPDATERT:
09.02.2021

 

Av Bente Lund Jacobsen, eldreombod 

Kronikken vart først publisert i Dagbladet 21. desember 2020 

 

Om berre litt over eit halvår startar stortingsvalet: Allereie 1. juli går tidlegstemminga i gang. Sjølv om det er vaksine på veg, kan vi ikkje ta for gitt at alle eldre og sjuke i risikogruppene vert vaksinerte i tide til valet. Det er ikkje nok at dei fleste kan stemme. Alle som har stemmerett må trygt kunne bruke han.

Derfor hastar det å planlegge ei rekke tiltak. Alle som ikkje kan møte fram i eit stemmelokale, må få stemme heime. Stemmelokala må ha mykje plass, god bemanning og rause opningstider som gjer dei heilt trygge for alle som går dit. Og staten må bla opp, for det vil koste å halde val med smittevern.

Ta koronatesten

Heile valsystemet må koronatestast: Har Noreg ein måte å halde val på som fungerer under ein pandemi? Vi må tenke nytt for å sikre at stemmeretten i praksis blir det han i prinsippet har vore sidan 1913: allmenn.

Dei som må halde seg unna det meste under pandemien, vil også spørje seg om ein tur til stemmelokalet inneber ein risiko. Kommunalminister Nikolai Astrup, Valdirektoratet og kommunane må gjere alt for at viruset ikkje skal undergrave stemmeretten.

Her dreier det seg ikkje om dei som bur på institusjon – for der er det eigne dagar med førehandsstemming. Vi snakkar om dei andre i risikogruppene. 230 000 nordmenn er over 80 år, og det store fleirtalet bur heime. Dei over 80 har høg risiko for alvorleg covid-19 på grunn av alderen åleine, ifølge helsenorge.no. I tillegg kjem dei med høg risiko på grunn av alvorlege helsetilstandar – og dei med lett eller moderat auka risiko fordi dei er over 65 år eller er over 50 år og kronisk sjuke.

La fleire stemme heime

Sjuke og uføre har etter vallova rett til å førehandsstemme der dei oppheld seg, for eksempel heime. Då tar stemmemottakarane med seg ei valurne og oppsøker veljaren.

Dersom vaksinane ikkje når alle eldre før valet, kan mange vere heilt avhengige av å få stemme heime. Derfor må staten sørge for at ordninga også inkluderer dei med risiko for sjukdom, ikkje berre dei som allereie er sjuke eller uføre.

Og kommunane har her ein stor jobb å gjere:

  • For det første må dei marknadsføre heimestemminga svært godt. Ingen i målgruppene må vere uvitande om at dei har rett til å stemme heime.
  • For det andre må dei gjere veljarane trygge på at dei som kjem på besøk sørger for prikkfritt smittevern.
  • For det tredje må dei skaffe nok stemmemottakarar. Pågangen frå veljarane kan bli stor. Ingen må oppleve at kommunen ikkje rekk å kome heim til dei.

Stemmelokala må vere trygge

Mange i risikogruppene vil truleg ønske å møte fram i eit stemmelokale på vanleg vis. Og for mange kan høgtidskjensla ved å sette av tid og møte fram for å stemme på valdagen vere eit høgdepunkt. Kanskje gjeld det endå meir i koronatida enn elles.

Men for at det skal kjennast trygt, må planlegginga no vere svært god. Vi må for all del unngå trengsel i stemmelokala eller tette køar utanfor.

Kommunane må berre bruke stemmelokale som er store nok til at det alltid er trygg avstand mellom veljarane. Og valmedarbeidarane må vere mange nok til at dei kan kontrollere at alle følger smittevernreglane.

Ein del kommunar som brukar å ha valdag berre på måndagen, bør opne lokala allereie søndagen. Det vil redusere faren for at det blir for lite avstand mellom dei som er der for å stemme. Også under vekene med førehandsstemming bør opningstidene utvidast.

Brev kan berge val

Den som har følgd presidentvalet i USA med eit halvt eller to vidopne auge, har ikkje unngått å høyre om brevstemmene. Ein amerikanar har rett til å sende stemmesetelen sin i posten. Uvanleg mange gjorde det i år. Slik kunne det bli rekordhøg valdeltaking trass i pandemien.

I Noreg manglar vi denne ordninga. Vallova gir berre éi gruppe rett til å stemme i brev, nemleg nordmenn i utlandet.

Når Kongen i nyttårstalen helsar spesielt til nordmenn i teneste utanlands, er det fordi dei har tatt på seg eit spesielt ansvar. Men når det gjeld stemmeretten, er vi alle like. Når ein kan stemme i brev frå Maldivene, burde ein kunne gjere det same frå Målselv.

Viss alle skal ha rett til å stemme i brev, føreset det at vallova blir endra og at systemet for mottak av stemmer blir lagt om. Om det ikkje skjer før 2021-valet, må det vurderast til valet i 2023. Nye virus kan ramme nye val. Då gjeld det å ha verkemidla klare for å berge valet.

Og blir det ein dag mogleg å stemme på nett, vil det opplagt vere til stor hjelp for sårbare personar i risikogruppene.

Demokrati trumfar økonomi

Alt tilseier at kommunane må sette inn fleire valmedarbeidarar i 2021 enn før. Det vil koste, og staten må stille opp med støtte.

Lokalpolitikarane har nettopp sete bøygde over budsjetta sine. Mange har rive seg i håret. Gode føremål konkurrerer om dei same kronene. Pandemien driv kostnadane opp på fleire frontar.

Staten har løyvd krisekroner til mange samfunnsområde, og må gjere det same til valet. Der pandemien gir kommunane ekstraordinære kostnader for å gjere valet trygt, må staten trå til.

Trong kommuneøkonomi må ikkje føre til at det vert kompromissa med verken smittevernet eller tilgangen til å få stemme.

Ikkje skap sistegongsveljarar

Stemmeretten er ein menneskerett. Vi kan ikkje la koronaviruset stoppe folk frå å bruke den grunnleggande retten dei har i folkestyret vårt.

Det har blitt gjort mykje for å engasjere førstegongsveljarane. Alle ønsker at unge begynner å bruke stemmeretten. No før 2021-valet er det like viktig å unngå at eldre sluttar å bruke han. Vi må få stemme så lenge vi vil.

Ingen må sjå tilbake og tenke at dei var sistegongsveljarar i 2019 fordi valsystemet no ikkje taklar pandemien.