Nyskaping i NRKs tv-arkiv etter forslag frå Eldreombodet

Gamle program blir no presenterte tiår for tiår i NRKs nett-tv. Slik blir det lettare å oppleve gylne tv-augeblikk frå ei bestemt tid på nytt. – Det å vekke gode tv-minne til live, vil glede mange og vere ekstra verdifullt for personar med demens, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen. Ho rosar NRK for viljen til nyskaping.

PUBLISERT:
28.06.2022
OPPDATERT:
30.06.2022

 

Tidlegare i år tok Eldreombodet kontakt med NRK. Vi foreslo å samle gamle program fra ei bestemt tid på eitt brett i nett-tv-en. Eit slikt tilbod ville glede mange eldre, understreka vi. 

NRK tok ballen, og no er den første versjonen av løysinga på nett:

Lengst oppe i kategorien «NRK-arkivet» i NRK TV kan ein no klikke på eit bestemt tiår og få fram eit utval av program frå 60-, 70-, 80- og 90-talet. 

NRK vil utvikle løysinga vidare. 

Gjensyn verdifullt for personar med demens

Eldreombod Bente Lund Jacobsen rettar ein stor takk til NRK for innsatsen dei gjer med den nye løysinga. Jacobsen rosar NRK for viljen til nyskaping. 

– NRK fortener honnør for å ta godt imot forslaget vårt, slik at det blir lettare for folk å få gjensyn med gode tv-stunder. Med denne nyskapinga tar NRK samfunnsansvar. Arkivet deira er ein nasjonalskatt og ein minnebank som no blir endå lettare tilgjengeleg for folk, seier eldreombodet. 

I forslaget vi gav NRK, poengterte vi at ein forenkla inngang til gamle program kan vere til stor glede for eldre generelt. Og det kan vere ekstra verdifullt for personar med demens. 

Ein fin fellesaktivitet på tvers av generasjonar

«Det er godt dokumentert at eldre som på grunn av sjukdom har svekka korttidsminne og slit med å forstå kvardagen sin, kan ha stor glede av å møte musikk og andre kulturuttrykk dei kjenner frå før», skreiv vi til NRK. 

I forslaget såg vi for oss at pårørande, helsepersonell og frivillige kan bruke inngangen til å lett plukke fram tv-program for eldre som treng hjelp til det. 

Det å vere samla om å sjå program som vekker gode minne for eldre, kan vere ein fin fellesaktivitet på tvers av generasjonar. 

Vil interessere folk i mange aldersgrupper 

Vi peika også på at ein inngang til program frå ei bestemt tid vil interessere folk i mange aldersgrupper. Gleda over å mimre kan vere like stor enten ein var ung på 60-, 70-, 80- eller 90-talet. 

«Sidan mange eldre har avgrensa erfaring med digitale verktøy, vil det vere viktig at navigasjonen er svært enkel og sjølvforklarande», skreiv vi i forslaget.

Derfor er vi glade for at inngangen til program frå dei tidlegare tiåra er plassert heilt i toppen av NRK-arkivet på nett.