Nytt NRK-tilbod på initiativ frå Eldreombodet

Program frå tidlegare tiår er no samla på eitt brett i NRK TV. Vi oppfordrar helse- og omsorgstenestene til å bruke den nye løysinga. Ho kan vere ekstra verdifull for personar med demens.

PUBLISERT:
04.11.2022
OPPDATERT:
05.11.2022

Kva er den nye løysinga?

Gamle program blir no presenterte tiår for tiår i NRKs nett-tv. Slik blir det lettare å oppleve gylne tv-augeblikk frå ei bestemt tid på nytt.

Helsepersonell, pårørande og frivillige kan bruke løysinga til å plukke fram tv-program for eldre som treng hjelp til det.

Løysinga er laga på initiativ frå Eldreombodet. Vi foreslo for NRK at det å samle gamle program ville glede mange eldre. NRK tok ballen.

Vi oppfordrar helse- og omsorgstenestene til å hjelpe eldre med å bruke løysinga, både heimebuande og eldre på institusjon – der det teknisk ligg til rette for det.

Korleis bruke løysinga på nettbrett, mobiltelefon og smart-tv?

  • Opne appen NRK TV.
  • Klikk på «Kategorier».
  • Klikk på «NRK-arkivet».
  • I toppen: Klikk på «60-tallet», «70-tallet», «80-tallet» eller «90-tallet» og vel eit program.

Korleis bruke løysinga på pc?

  • Opne ein nettlesar og gå til adressa nrk.no.
  • Klikk på «NRK TV».
  • Klikk på «Søk og kategorier».
  • Klikk på «NRK-arkivet».
  • I toppen: Klikk på «60-tallet», «70-tallet», «80-tallet» eller «90-tallet» og vel eit program.

Kvifor er løysinga verdifull?

Det å vekke gode tv-minne til live, vil glede mange og kan vere ekstra verdifullt for personar med demens.

Eldre som på grunn av sjukdom har svekka korttidsminne og slit med å forstå kvardagen sin, kan ha stor glede av å møte musikk og andre kulturuttrykk dei kjenner frå før.

Det å vere samla om å sjå program som vekker gode minne for eldre, kan vere ein fin fellesaktivitet på tvers av generasjonar.