Skatteetaten diskriminerer ikkje-digitale brukarar

Dei som skal ha skattemeldinga på papir, får meldinga opptil fleire veker seinare enn dei som skal ha skattemeldinga digitalt.

PUBLISERT:
26.03.2021
OPPDATERT:
26.03.2021

Innbyggarar som skal ha skattemeldinga digitalt, mottar meldinga allereie frå 16. mars. Men dei som skal ha skattemeldinga på papir, får ho først frå 7. april. 

– Det er uakseptabelt med slik forskjellsbehandling, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen til NTB.

I MEDIA: Les meir om utspelet frå Eldreombodet hos Børsen Dagbladet

– Gi heller opplæring til ikkje-digitale 

Eldre er overrepresenterte blant dei som ikkje brukar digitale verktøy.

– Myndigheitene bør tilby opplæring til innbyggarar som er ikkje-digitale, ikkje gi dei ulemper, seier Jacobsen.

Utfordrar også bankane  

Også bankane må gjere mykje meir for dei kundane som ikkje brukar digitale verktøy eller treng opplæring for å bli digitale brukarar.

Vi utfordrar Finans Norge – organisasjonen til bankane – til å fjerne digitale barrierer for eldre

Digitalt utanforskap er eit viktig tema for Eldreombodet. Les meir om digitalisering og eldres interesser her