Forslaget som dei fem partia har stemt for, lyder: «Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å videreføre Eldreombudet fra 2023».
Regjeringa har varsla at ho vil foreslå å legge ned Eldreombodet. Fleire og fleire av partia går imot det.
Det gir håp for alle som ber Stortinget stå ved sitt einstemmige vedtak frå 2020 om å opprette Eldreombodet som vaktbikkje for eldre, slik barn og unge har Barneombodet.
Stortinget har ikkje gjort noko vedtak om å legge ned Eldreombodet.
I 2020 blei Eldreombodet oppretta av Stortinget gjennom ei eiga lov. Så lenge lova består, består Eldreombodet.
Viss regjeringa legg fram eit konkret forslag om å fjerne lova, er det Stortinget som avgjer saka.
– Då skal alle partia få seie sitt, slo tidlegare statsminister Erna Solberg fast overfor TV 2 då ho besøkte Eldreombodet nyleg.
Då Stortinget vedtok å opprette Eldreombodet, bygde dei på stor støtte frå mange delar av samfunnet.