Statsbudsjettet: Stortinget må prioritere eldre

Hev minstepensjonen. Stopp det digitale utanforskapet. Styrk eldreomsorga. La eldre behalde Eldreombodet. Det krev Eldreombodet av Stortinget, som no behandlar statsbudsjettet for 2023.

PUBLISERT:
07.10.2022
OPPDATERT:
07.10.2022

 

Stortinget behandlar no forslaget frå regjeringa til statsbudsjett for 2023. Eldreombodet deltek i høyringane stortingskomiteane har om budsjettet. 

 

– Å styrke pasient- og brukaromboda gjer ikkje Eldreombodet mindre viktig

Vi ber Stortinget avvise forslaget frå regjeringa om å legge ned Eldreombodet i 2023

– Det er positivt å styrke pasient- og brukaromboda, men det gjer ikkje at Eldreombodet blir mindre viktig. Pasient- og brukaromboda er svært viktige, men dei dekker ikkje det breie oppdraget Stortinget har gitt Eldreombodet: å fremme interessene til eldre på alle samfunnsområde. Eldre er langt meir enn pasientar, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen. 

 

Etterlyser investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar i institusjon og omsorgsbustader

I budsjettinnspela våre ber vi Stortinget om å prioritere midlar til 

  • opplæring i digitale verktøy for eldre over heile landet 
  • betydeleg heva minstepensjon 
  • auka bemanning, kompetanse og kapasitet i eldreomsorga 
  • systematisk arbeid i alle kommunar mot vald og overgrep mot eldre 
  • styrka psykisk helsehjelp for eldre, både heimebuande og i institusjon 

– Det er svært kritikkverdig at budsjettforslaget ikkje inneheld midlar til Husbankens investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar i institusjon og omsorgsbustader. Vi ber Stortinget gi midlar til føremålet også i 2023, seier eldreombodet. 

 

Innspel til fem komitear

Les innspela vi gir til komiteane på Stortinget: