Tryggleiksbustader må ikkje erstatte meir omfattande tilbod

Kommunane må ikkje tildele tryggleiksbustader til personar som har eit større helse- og omsorgsbehov enn det desse bustadene er tenkt å stette.

PUBLISERT:
20.07.2021
OPPDATERT:
23.07.2021

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om at Husbanken skal gi kommunane tilskot til å investere i såkalla tryggleiksbustader. 

Eldreombodet positiv – under visse føresetnader 

Slike bustader kan gi tryggleik for den einskilde, og legg ikkje unødig press på tyngre tenester frå kommunane for tidleg, skriv Eldreombodet i sitt høyringssvar til forslaget. 

Men Eldreombodet poengterer at dersom tryggleiksbustader skal fungere som eit nytt trinn i den såkalla omsorgstrappa, må trinna høgare oppe ha tilstrekkeleg kapasitet. 

Krav til tryggleiksvertane

«Manglar det kapasitet på høgare trinn i omsorgstrappa, vil kommunane måtte tildele tryggleiksbustader til personar som har eit større helse- og omsorgsbehov enn det desse bustadene er tenkt å stette. Då misser ein verdien av tryggleiksbustader. Kommunane må altså ha eit heilskapleg perspektiv på tenestene dei tilbyr», heiter det i høyringssvaret. 

Eldreombodet stiller også ei rekke krav til kva funksjonar dei såkalla tryggleiksvertane i bustadene må ha. 

Les heile høyringssvaret frå Eldreombodet