Brev til Arbeidarpartiet og Senterpartiet: Utnemn ein eigen eldreminister og ha 65+ med i regjering

Å «gi dei eldre tryggleik» er peika ut som eitt av seks satsingsområde for ei ny regjering. Det bør følgast opp med å utnemne ein eldreminister.

PUBLISERT:
08.10.2021
OPPDATERT:
08.10.2021

 

Eldreombodet har gitt to oppfordringar om korleis ei ny regjering bør settast saman: 

  1. Utnemn ein eigen eldreminister.
  2. Ha aldersgruppen frå 65 år og oppover representert i regjering og ha stor bredde i alder blant statsrådene. 

Dette er fremja i eit brev til Arbeidarpartiet og Senterpartiet. 

Les meir om innhaldet i brevet eller last ned sjølve brevet

Les kva Eldreombodet krev av politikken til den nye regjeringa