Til Finansdepartementet
ved Trygve Slagsvold Vedum
11. februar 2022
Retten til å bruke kontantar må klargjerast og handhevast
Eldreombodet viser til initiativ om å styrke stillinga til kontantbetaling som Trygve Slagsvold Vedum med fleire tok i Stortinget i 2017 og 2019. Vi viser også til omtalen av eldre, utanforskap og digitalisering i partiprogramma til Senterpartiet og Arbeidarpartiet for perioden 2021–2025.
Vi ber om at retten til å bruke kontantar blir klargjort og handheva med sanksjonar – for å hindre digitalt utanforskap blant eldre som treng å bruke kontantar i kvardagen.
Diskriminering av ikkje-digitale eldre
480 000 eldre over 60 år er definerte som ikkje-digitale. På fleire samfunnsområde blir ikkje-digitale diskriminerte – betalingstenester er eitt av dei. Etter lova har alle rett til å betale kontant, men slik er det ikkje i praksis. Det kan gjere det vanskeleg for ikkje-digitale eldre å ha ein aktiv kvardag. Konsekvensen av slik digital tvang kan bli sosial isolasjon og utanforskap.
Under pandemien har ein del verksemder nekta å ta imot kontantar, sjølv om helsestyresmaktene sagt slått fast at kontantar ikkje spreier koronavirus. Eldreombodet fryktar at verksemdene vil halde fram med å nekte folk å betale kontant – viss ikkje regelverket blir klargjort og handheva. Den raske digitaliseringa som pandemien har bidratt til, kan skyve ikkje-digitale eldre utanfor i samfunnet.
Retten til kontantbruk må handhevast
Sentralbanklova § 3-5 (1) slår fast at setlar og myntar er tvungne betalingsmiddel. Finansavtalelova § 38 seier at ein forbrukar alltid har rett til å gjere opp med tvungne betalingsmiddel.
Men Noregs Bank har peika på at rekkevidda av føresegna i finansavtalelova er omstridd og uavklara.
I eit brev til Finansdepartementet 31. januar 2019 bad Noregs Bank regjeringa om å
- klargjere at ein forbrukars rett til å betale med kontantar ikkje kan avtalast bort med standardvilkår på stader der varer og tenester blir tilbydde til ålmenta
- vurdere å gi Kongen forskriftsmynde til å regulere rekkevidda av føresegna i tvilstilfelle, og til å gjere unntak frå føresegna når særlege omsyn gjer seg gjeldande
- knyte klarere sanksjonsmoglegheiter til påbodet, t.d. at Forbrukartilsynet blir gitt mynde til å gi gebyr ved brot på føresegna
Regjeringa må følge opp
Solberg-regjeringa gjorde ikkje som Noregs Bank foreslo. I Finansmarknadsmeldinga 2021 blei det sagt at «Justis- og beredskapsdepartementet er i gang med å se nærmere på hvor langt retten til å gjøre opp med kontanter bør gå».
Eldreombodet støttar forslaga frå Noregs Banks og ber Støre-regjeringa om å følge dei opp.
Senterpartiet skriv slik i programmet for stortingsperioden 2021–2025: «Vi må akseptera at nokon av dei eldste ikkje kjem til å verta digitale og i ein periode laga særordningar». Arbeidarpartiet seier det slik i programmet sitt: «Eldre som ikkje har høve til å delta i den digitale kvardagen, skal kunne vere ein del av samfunnet på lik linje med alle andre.»
I Stortinget har Senterpartiet fremja forslag om å styrke retten til å betale med kontantar – i 2019 ved Sigbjørn Gjelsvik, Geir Pollestad og Per Olaf Lundteigen, i 2017 ved Trygve Slagsvold Vedum og Geir Pollestad.
Vi ber regjeringspartia følge opp eigne programformuleringar og tidlegare initiativ i Stortinget, og sikre at retten til å betale med kontantar blir reell.
Venleg helsing
Bente Lund Jacobsen
eldreombod
Asle Gjermundrød
seniorrådgivar