Brev til Helse- og omsorgsdepartementet: Behov for sterke tiltak for eldres psykiske og fysiske helse

Det trengst ein nasjonal plan og kraftige tiltak for å berge helsa og livskvaliteten til eldre ut av koronatida.

PUBLISERT:
03.05.2021
OPPDATERT:
03.05.2021

 

30. april 2021 sende Eldreombudet brev til Helse- og omsorgsdepartementet.

I brevet ber Eldreombudet regjeringa om å legge ein nasjonal plan og raskt bevilge pengar til kraftige tiltak for å berge helsa og livskvaliteten til eldre ut av koronatida. Ellers risikerer vi store og langvarige skadeverknader av pandemien. 

I revidert nasjonalbudsjett og i statsbudsjettet for 2022 må det satsast sterkt på tenester for helsa og livskvaliteten til eldre. Det trengs både akutte og langsiktige tilbod. 

Ekspertgruppa som Peder Kjøs har leia, peikar på at eldre som er mykje åleine, er blant dei som har hatt det vanskelegast under pandemien. Det understrekar behovet for tiltak som hjelper eldre. 

Last ned brevet «Behov for sterke tiltak for eldres psykiske og fysiske helse»