Brev til Helse- og omsorgsdepartementet om koronavaksine (varigheit og eventuelle nye dosar)

Kor lenge er eldre og andre risikogrupper beskytta av den tredje dosen med koronavaksine? Får eldre og andre risikogrupper tilbod om ein fjerde dose? 

PUBLISERT:
07.02.2022
OPPDATERT:
09.02.2022

 

Til Helse- og omsorgsdepartementet 

4. februar 2022 

 

Koronavaksine: informasjon om varigheit og eventuelle nye dosar

Eldreombodet ber med dette regjeringa og helsestyresmaktene informere så tidleg og tydeleg som mogleg om desse to problemstillingane:

  1. Kor lenge er eldre og andre risikogrupper beskytta av den tredje dosen med
    koronavaksine? 
  2. Får eldre og andre risikogrupper tilbod om ein fjerde dose? 

Vi registrerer at eldre spør om kor lenge effekten av den tredje dosen med koronavaksine varer. Svaret vil ha mykje å seie for korleis eldre kan legge opp kvardagen sin og i kva grad dei kan planlegge aktivitetar og reiser i tida som kjem.

Under pandemien har mange eldre og andre i risikogruppene vore sosialt isolerte og sterkt prega av nedstengingane. Det har gått ut over både den fysiske og den psykiske helsa. Vi viser til undersøkingar i regi av Aldring og helse, Norges Røde Kors, Universitetet i Bergen og Harvard University m.fl

Det er særs viktig å førebygge både unødvendig isolasjon og alvorleg covid-19 i tida som kjem. Styresmaktene har omtalt vaksinane som det viktigaste verktøyet for å lukkast med nettopp det.

Derfor forventar vi at eldre får vite kor lenge dei er beskytta av den tredje dosen – så snart det ligg føre data. I tillegg er det vesentleg at det så tidleg som mogleg blir avgjort om eldre og andre risikogrupper skal få tilbod om ein fjerde dose.

Vi viser til at regjeringa på pressekonferansen 1. februar 2022 poengterte at det kan kome nye virusvariantar. «Vi skal med andre ord leve med korona – truleg i lang tid framover», sa statsministeren i innlegget på pressekonferansen.

Tidleg og tydeleg informasjon om vaksine må til for at eldre kan sjå framover. Regjeringa og styresmaktene må legge fram kunnskap om varigheita av den tredje dosen – og avgjere behovet for ein fjerde. 

 

Med vennleg helsing 

Bente Lund Jacobsen 
eldreombod 

Kjetil Heggem 
fagansvarleg helse og omsorg