Brev til Helse- og omsorgsdepartementet om vald, overgrep og forsømming i sjukeheimar

Det må løyvast tilskot til førebyggande arbeid i alle kommunar. Overføringane til kommunane må aukast, slik at dei kan styrke bemanninga på sjukeheimane.

PUBLISERT:
13.07.2021
OPPDATERT:
23.07.2021

Eldreombodet har sendt brev til regjeringa om vald, overgrep og forsømming i sjukeheimar.

I brevet viser vi til Helsedirektoratets rapport «Vold, overgrep og forsømmelser i norske sykehjem – om omfang og pågående forebyggende arbeid.» 

Vi ber regjeringa snarast 

  1. løyve tilskotsmidlar til arbeid mot vald, overgrep og forsømmingar i alle kommunar
  2. auke overføringane til kommunane slik at dei kan styrke bemanninga på sjukeheimane

I rapporten går det fram at svært mange tilsette ved sjukeheimar har gjort – og sett andre gjere – uakseptable handlingar mot bebuarar. 

Fagmiljø og nasjonale helsemyndigheiter kan ikkje forsømme det ansvaret dei har for å stoppe vald, overgrep og forsømmingar. 

Last ned brevet «Stopp vald, overgrep og forsømming i sjukeheimar i alle kommunar»