Brev til Helsedirektoratet om livskvalitet i institusjonar

Bebuarane i helse- og omsorgsinstitusjonane må igjen få ta del i organiserte aktivitetar.

PUBLISERT:
15.02.2021
OPPDATERT:
12.03.2021

Eldreombudet sendte 15. februar 2021 brev til Helsedirektoratet. 

I brevet oppmodar vi direktoratet om å rettleie kommunane i korleis dei kan vende tilbake til ein kvardag med organiserte aktivitetar i helse- og omsorgsinstitusjonane, innanfor rammene av nødvendig smittevern. 

Pandemien har også gått utover organiserte aktivitetar og arrangement – ofte ved hjelp av eksterne krefter – som skulle ha gitt sosiale, kulturelle og åndelege opplevingar og impulsar for bebuarane. 

Eldreombodet er bekymra for kva mangelen på slike tilbod vil føre til for bebuarane, som er heile menneske med behov for meir enn fysisk tryggleik.

Last ned brevet «Behov for besøk, aktivitetar og arrangement som aukar livskvaliteten for bebuarane i institusjonar»