Brev til Helsedirektoratet om sosial kontakt i influensasesongen

Vi ber Helsedirektoratet rettleie kommunane og innbyggarane i korleis smittevernet av eldre skal sikrast uten å øydelegge for den sosiale kontakten.

PUBLISERT:
09.09.2021
OPPDATERT:
09.09.2021

Eldreombodet har sendt brev til Helsedirektoratet om den komande influensasesongen. 

Under koronapandemien har mange eldre blitt hindra frå sosial kontakt med familie og vener. No varslar helsemyndigheitene at den komande influensasesongen kan bli tøff. 

«Korleis skal smittevernet av eldre sikrast uten å øydelegge for den sosiale kontakten – i periodar der influensa og andre luftvegssjukdomar spreier seg?»

Dette spørsmålet stiller Eldreombodet i eit brev til Helsedirektoratet.

Vi ber myndigheitene gi kommunane og innbyggarane klar rettleiing. 

Last ned brevet til Helsedirektoratet