Brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om digitale valkort

Omlegginga til digitale valkort i 2021 kan bli eit hinder for eldre med låg digital kompetanse.

PUBLISERT:
26.01.2021
OPPDATERT:
12.03.2021

Eldreombodet sende 26. januar 2021 brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Vi sende brevet fordi vi fryktar at omlegginga til digitale valkort i 2021 kan bli eit hinder for at ei stor gruppe eldre skal bruke stemmeretten.

Ein fjerdedel av veljarane over 60 år som fekk valkortet digitalt i eit forsøk i 2019, ønskte å få valkortet i papir til valet i 2021. Fleire enn 1,2 millionar nordmenn er i denne aldersgruppa.

Eldreombodet ønsker svar på korleis departementet har vurdert risikoen for at digitale valkort gjer valet mindre tilgjengeleg for eldre med låg digital kompetanse.

Last ned brevet «Digitale valkort – spørsmål om risikovurdering for eldre veljarar».