Brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om kompensasjon og arrangement i sjukeheimar

Ekstra utgifter til smittevern må ikkje stå i vegen for at arrangement i helse- og omsorgsinstitusjonar vert gjennomførde.

PUBLISERT:
15.12.2021
OPPDATERT:
15.12.2021

 

Til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

9. desember 2021 


Gi kompensasjon som gjer det mogleg med jule- og nyttårsarrangement i sjukeheimane

Eldreombodet viser til dei nye nasjonale smitteverntiltaka som gjeld frå 9. desember og pressemeldinga «Kommunene blir kompensert for koronatiltak» frå departementet 8. desember. 

Vi er uroa for at dei nye nasjonale smitteverntiltaka vil skape vanskar for private besøk og sosiale arrangement i jula og ved nyttår for dei som bur i helse- og omsorgsinstitusjonar.

For å kunne gjennomføre besøk og arrangement kan det no vere naudsynt å auke bemanninga, lønne ekstra besøksvertar, flytta arrangement til andre lokale, ha fleire arrangement med mindre grupper i staden for meir samla arrangement m.m. Det vil ofte påføre kommunane ekstra utgifter.

Vi har fått signal frå kommunalt hald om at det departementet hittil har sagt om kompensasjon, ikkje blir oppfatta å dekke den typen utgifter vi gjer greie for i dette brevet. Vi ber departementet slå fast at kommunane vil bli kompenserte av staten for slike utgifter.

Dei ekstra utgiftene må ikkje stå i vegen for at arrangementa vert gjennomførde. Det kan vere frivillige eller kommersielle aktørar som står for innhaldet i arrangementa, men kommunane må legge til rette for smittevernet.

Vil gå hardt ut over bebuarane

Konsertar, måltid og andakter er eksempel på arrangement i institusjonane der eksterne aktørar ofte medverkar. Dersom slike arrangement vert avlyste fordi det er for krevjande for kommunane å gjennomføre dei med nødvendig smittevern, vil det gå hardt ut over bebuarane.

Mange eldre har levd isolert under store delar av pandemien. Dei har mista samvær, aktivitetar og opplevingar – og står no i fare for å miste endå meir. Vi vil åtvare om at det kan ha sterke negative følger for eldres psykiske og fysiske helse og livskvalitet.

Vi viser til undersøkinga om korleis koronapandemien har ramma kvardagen til eldre frå Norges Røde Kors. Undersøkinga viser at dei mest sårbare eldre har kome svært dårleg ut og at eldre er blitt meir einsame enn dei var før pandemien.

Rapporten frå undersøkinga fortel blant anna dette: «Et hverdagsliv som allerede var preget av restriksjoner, har siden mars 2020 blitt enda mindre fritt for beboere i institusjon. Besøkene har blitt færre og mer kompliserte å gjennomføre på grunn av avstandskravene. Gjester har i utgangspunktet ikke fått lov til å ta på beboerne, og kommunikasjonen har blitt vanskeligere når gjester og beboere må sitte så langt fra hverandre. Vi har fått gjengitt utsagn fra beboere som har sagt at de frykter mer å
dø av ensomhet enn å dø av korona.» (Norges Røde Kors, 2021)

Må presisere og informere raskt

Vi ber Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjere dette:

  1. Presiser at kommunane vil verte kompenserte for alle utgifter som må til for å gjere det mogleg å ha private besøk og arrangement i helse- og omsorgsinstitusjonane.
  2. Informer kommunane svært raskt, slik at dei kan legge planar som gjer det mogleg å gjennomføre aktivitetar og arrangement.

 

Venleg helsing

Bente Lund Jacobsen
eldreombod