Brev til NRK med forslag om årstalsbasert inngang til arkivinnhald

Ein enkel inngang til tv-program frå kva årstal som helst kan vere til stor glede for eldre generelt, for eldre med demens spesielt og for folk i mange aldersgrupper.

PUBLISERT:
16.02.2022
OPPDATERT:
16.02.2022

 

Til Norsk Rikskringkasting AS
ved teknologidirektør Heidrun Reisæter

16. februar 2022

 

Forslag om årstalsbasert inngang til arkivinnhald

Arkivet til NRK er ein nasjonalskatt og ein minnebank for folket. Med kategorien NRK-arkivet i NRK TV har det blitt mogleg å oppleve gylne augeblikk på nytt og vekke gamle minne. Eldreombodet vil med dette brevet foreslå eit grep som kan gi folk endå enklare tilgang til arkivinnhaldet.

Forslaget er å lage ein eigen inngang som fører til ein enkel meny der ein klikkar på eit årstal og får fram eit utval tv-program frå det aktuelle året. Tanken er altså at brukaren – med berre eit par klikk – kan spele av innhald frå eitt bestemt år. Kanskje Årgang kunne vere eit aktuelt namn på inngangen?

Vi trur ein slik inngang kan vere til stor glede for eldre generelt – og spesielt trur vi han kan vere verdifull når det dreier seg om eldre med demens. Vi reknar også med at det å enkelt få fram tv-program frå kva årstal som helst, vil vere interessant for folk i mange aldersgrupper. Gleda over å mimre vil kunne vere like stor enten ein var ung i 1970, 1980 eller 1990. Kan hende kan radioinnhald også leggast til rette på ein tilsvarande måte.

Når det gjeld eldre med demens, ser vi for oss at pårørande, helsepersonell og frivillige kan bruke inngangen til å lett plukke fram tv-innhald frå ei tid den eldre framleis hugsar. Det er godt dokumentert at eldre som på grunn av sjukdom har svekka korttidsminne og slit med å forstå kvardagen sin, kan ha stor glede av å møte musikk og andre kulturuttrykk dei kjenner frå før. Slik sett vil det truleg vere eigna å by fram kultur- og underhaldningsprogram i ei teneste som den vi foreslår her. Sidan mange eldre har avgrensa erfaring med digitale verktøy, vil det vere viktig at navigasjonen er svært enkel og sjølvforklarande.

I NRK-plakaten heiter det mellom anna at NRK skal oppfylle sosiale og kulturelle behov, vere tilgjengeleg for heile befolkninga, appellere til alle aldersgrupper og utvikle tenester på alle viktige plattformer for å nå breiast mogleg ut.

Den tenesta vi foreslår her, kan forhåpentleg vere eit enkelt, men viktig bidrag til alt dette. Tenesta vil også vere framtidsretta sidan eldre utgjer ein stadig større del av befolkninga.

Vi håper dokker vurderer forslaget som interessant, og vi tar gjerne ein prat for å diskutere det nærmare. Eldreombodet er eit uavhengig statsorgan som blei etablert i 2020. Vi har i oppdrag å fremje interessene til eldre på alle samfunnsområde.

 

Vennleg helsing

Bente Lund Jacobsen
eldreombod

Svein Arne Orvik
seniorrådgivar