Høyringsinnspel frå Eldreombodet til ny folkehelsemelding

I den nye folkehelsemeldinga må behovet for styrka folkehelsearbeid og tenester som varetek helsa og livskvaliteten til eldre kome tydeleg fram.

PUBLISERT:
13.04.2022
OPPDATERT:
29.04.2022

 

Eldreombodet har gitt denne uttalen til arbeidet med ei ny stortingsmelding om folkehelsepolitikken.

 

God folkehelse er viktig for den enkelte, og samfunnet er tent med god folkehelse i befolkninga. Alle må få like moglegheiter til å ta gode val som førebygger sjukdom og uhelse, og tilgangen til gode helsetenester må vere likeverdig. God tilgang på tilbod som betrar folkehelsa er viktig for alle – heile livet. Ei eldrebefolkning med god helse vil vere ein ressurs for samfunnet og utset behovet for helse- og omsorgstenester.

Nokre viktige utfordringar til regjeringa i samband med ny folkehelsemelding

  • I den nye folkehelsemeldinga må behovet for styrka folkehelsearbeid og tenester som varetek helsa og livskvaliteten til eldre kome tydeleg fram.
  • Legg til rette for deltaking og medverknad for eldre på alle samfunnsområde.
  • Styrk frivillig arbeid og inkluder fleire eldre i dette arbeidet.
  • Anerkjenn eldre sine ressursar som viktige bidrag i samfunnet.
  • Legg opp til generasjonsmøte i barnehagar, skule, idrett, kultur og helse- og omsorgstenestene.
  • Gi tilskot til å tilsette eldrekoordinatorar i alle kommunar for å styrke koordineringa av tenester og aktivitetar for eldre.
  • Mange fleire eldre må få tilbod om trening og annan fysisk aktivitet, både heimebuande eldre og eldre i institusjon.
  • La kommunane få midlar til å gi langt fleire eldre eit lågterskeltilbod om psykisk helsehjelp.
  • Mange fleire eldre må få tilbod om trening og annan fysisk aktivitet, både heimebuande eldre og eldre i institusjon.
  • Eldre som treng det, må få besøk av psykiske helseteam, anten dei bur i ein helse- og omsorgsinstitusjon eller i eigen bustad.
  • Fleire personar med demens må få eit dagaktivitetstilbod tidleg i sjukdomsforløpet. Tilbodet må starte og avsluttast ved døra heime, slik at transporten til og frå er ein inkludert del av dagaktiviteten.
  • Heimebuande personar med demens og deira pårørande må kunne leve trygge liv, med stabile tenester som er føreseielege.
  • Pårørande er ein viktig ressurs for sine eldre heile livet, tenestene rundt familien må styrke denne ressursen.
  • Pårørande til heimebuande personar med demens må få tilbod om avlasting.
  • Pasientane og deira pårørande må bli høyrde når behovet for eit høgare omsorgsnivå vert aktuelt.
  • Spesialisthelsetenestene som skal vareta eldre si psykiske helse må også styrkast. Desse tenestene må oppsøke eldre der dei bur. Eldre kan ikkje tvingast til å reise – ofte langt – til sjukehus for å få psykisk helsehjelp frå spesialisthelsetenestene.
  • Når ambulante tilbod ikkje strekk til, må sengekapasiteten innan geriatri og alderspsykiatri vere god nok til at ein unngår lange ventetider som forverrar grunnen til tilvisinga.
  • Det må settast inn sterkare folkehelsetiltak på alle samfunnsområde – i samarbeid med frivillige organisasjonar. Jobben må i stor grad gjerast i kommunane, men staten må løyve midlar.

Nedanfor vil vi utdjupe nokre viktige område som den nye meldinga må gå inn på.

Sosial ulikskap

Levekåra påverkar livsløpet og livslengda til den enkelte. Skilnadar i levekår har samanheng med blant anna skulegang, levevanar og økonomi. Det er difor viktig for eldre at helsefremmande tiltak som utjamnar sosial ulikskap startar tidleg i livet. Det er også viktig at det vert lagt til rette for at gode val blir levevanar. Ulike velferdsordningar må løyse konkrete behov og utfordringar gjennom livet for å motverke sosial ulikskap.

Den auka digitaliseringa av offentlege tenester og samfunnet elles er spesielt utfordrande for mange eldre. Om lag 480 000 personar frå 60 år og oppover er ikkje-digitale. Det går fram av ein rapport frå Kompetanse Norge. Om andelen ikkje-digitale personar går ned over tid, må ein likevel ha gode og likeverdige løysingar for dei som ikkje handterar digitale verktøy i framtida. Det digitale utanforskapet er ikkje forbigåande.

God psykisk helse og livskvalitet

Koronapandemien har tydeleggjort at eldre er ei spesielt utsett gruppe på fleire område. Lange periodar med strenge restriksjonar førte til mykje sosial isolasjon. Eldreombodet har fått høyre om mange eldre som kjenner på tungsinn og depressive tankar etter månader med isolasjon under pandemien. Venner og kjente kan bli opplevde som meir perifere etter ein lang periode med liten eller ingen fysisk kontakt. Pårørande til personar med demens kan oppleve at deira kjære har gløymt dei sidan dei sist kunne treffast.

Også om ein ser vekk frå koronapandemien, er risikoen for sosial isolasjon og einsemd størst i dei eldste aldersgruppene. Alderdomen kan vere isolerande og einsam både på grunn av nedsett funksjon og mobilitet og fordi det sosiale nettverket fell ifrå.

Klima og folkehelse

Eit godt kollektivtilbod er viktig for folkehelsa og samstundes viktig for klimaet. Dette gjeld spesielt i distrikta, der avstandar kan hindre deltaking i samfunnet. Kommunane må ha folkehelse og utvikling av aldersvenlege samfunn som mål i sine bustadsosiale planar. Det har stor verdi for folkehelsa at ein kan leve sjølvstendig heile livet. Det føreset at ein lett kan nå tenester, servicetilbod, kultur og rekreasjonsområde frå heimen sin.

Ikkje-smittsomme sjukdommar og levevanar

Dei fem store sjukdomsgruppene står for ein stor del av sjukdomsbyrden for eldre, nasjonalt og internasjonalt. Sosial ulikskap kan stå i vegen for gode levevanar. Derfor vil innsats mot ulikskap ha positiv innverknad på folkehelsa. Tidleg førebygging blant barn og unge bidrar til god folkehelse seinare i livet. Førebygging og arbeid med å endre levevanar gjennom heile livet vil gi store gevinstar når stadig fleire faktisk blir eldre. Ei friskare eldrebefolkning kan bidra meir og utset behovet for helse- og omsorgstenester.

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi gir auka tryggleik og aktivitet, og bidreg til medverknad og sjølvstende, så sant tenestene samsvarar med behovet. Det er særs viktig å gi så god opplæring at både dei som får og dei som yter tenestene, blir trygge på teknologien. For eldre med lita eller inga digital erfaring kan overgangen til velferdsteknologiske helse- og omsorgstenester vere skremmande. Det vil derfor vere viktig å involvere eldre i utviklinga for å lukkast.

Folkehelsearbeid i kommunane

Å tilsette eldrekoordinatorar i kommunane vil vere eit bidrag til god folkehelse. Nokre kommunar har allereie gjort det. Slike koordinatorar kan auke medverknaden frå eldre og gjere eldre meir sjølvstendige lenger – ved at dei får bistand til å handtere daglege utfordringar som alderen og helsa gir dei. Vi foreslår å innføre eldrekoordinatorar i kvar einskild kommune.