Høyringssvar om forslag om å auke den øvre aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år

Eldreombodet støttar forslaget om å auke den allmenne aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år. 

PUBLISERT:
03.02.2021
OPPDATERT:
12.03.2021

Samandrag 

Eldreombodet støttar forslaget om å auke den allmenne aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år. Eldre som kan og vil jobbe lenger enn til 70 år, bør få anledning til det. Samfunnsøkonomisk vil ikkje dette gi den største effekten på kort sikt, men det vil vere viktig for den som ønsker å stå to år lenger i arbeid. Samtidig vil endringa gi ein god signaleffekt og reflektere dei føresetnadene som ligg i pensjonsregelverket.  

Eldreombodet meiner samtidig at hovudmålet må vere å legge til rette for at flest mogleg av 60-åringene som både kan og vil stå lenge i arbeid, held fram yrkeskarrieren lenger enn det som er vanleg i dag. Eldreombodet støttar ikkje å fjerne sosiale tilpassingar som redusert arbeidstid og ekstra feriedagar. Slike seniorgode kan bidra til at fleire eldre nettopp ønsker å arbeide lenger. 

Samfunnslikninga som ikkje går opp 

Som det blir beskrive i høyringsnotatet, viser den demografiske utviklinga at vi lever lenger, vi får betre helse og leveforhold. Betre helsetenester og eit forsterka velferdssamfunn har bidratt til at levealderen aukar med eitt år for kvart tiår som går. På 70-talet kunne ein 72-åring forvente å leve ti år til. I dag vil ein 72-åring kunne forvente å leve 14 år til. I 2050 er det venta at levealderen har auka med 18 år frå utgangspunktet på 70-talet.  

Samtidig som den forventa levealderen stig, er arbeidslivet endra. Mange har gått frå fysisk krevjande jobbar til trygge kontorarbeidsplassar med auka fokus på HMS og tilrettelegging. Det skjer også endringar blant yngre vaksne. For å vere ein del av kunnskapssamfunnet bruker dagens unge stadig fleire år på arbeidsrelatert utdanning. For mange yrkesgrupper var det tidlegare tilstrekkeleg med bachelorgrad, mens ein i dag må gjennomføre masterstudium for å kunne hevde seg i søknadsbunken. Også i yrkesfag er krava til utdanning og teoretisk kunnskap blitt skjerpa.  

Dette fører til at mange unge forskyver starten på yrkeskarrieren sin og at samfunnet dermed får reduserte skatteinntekter. I 2010 var det om lag 5 personar i aldersgruppa 20–66 år for kvar person på 67 år og eldre, i 2060 er det antatt at talet vil vere redusert til 2,5 personar. Det blir altså færre yrkesaktive som skal putte pengar inn i velferdskassa.  

Denne skeivfordelinga kan ikkje løysast berre ved å få arbeidstakarar i staten til å stå til 72 år. Men dei som har både høve til og ønske om å ha ein lengre arbeidskarriere, bør få lov til det. Den gjennomsnittlege avgangsalderen er på 64,6 år blant statstilsette. Vi må arbeide for å auke denne til minst 67 år.    

Kompetansen må overførast 

Det å arbeide lenge passar ikkje for alle. Nokre vert hindra av helseutfordringar – eller dei kan ønske å gjennomføre andre prosjekt i livet enn arbeid. Men mange har brukt eit heilt yrkesliv på å opparbeide seg verdifull realkompetanse som brått kan forsvinne ut av den statlege verksemda når dei pensjonerer seg. Og når stadig mindre unge arbeidskull skal erstatte dagens seniorar, kan det oppstå eit kunnskapsgap. Også i statleg sektor er det viktig med kunnskapsdeling og erfaringsutveksling mellom dei ulike aldersgruppene i verksemdene. Og den beste dynamikken får ein om dette kan skje begge vegar mellom yngre og eldre. Det at yngre arbeidstakarar får impulsar frå eldre kollegaer, er vel så viktig som at utvekslinga går andre vegen.  

Trivst ein i jobben og framleis føler seg motivert og engasjert, meiner Eldreombodet at alder ikkje skal vere eit hinder for å kunne arbeide etter fylte 70 år. Arbeidsplassen er for mange ein viktig sosial arena som gir meistringskjensle og varierte utfordringar. I ei tid med sosiale innskrenkingar, registrerer Eldreombodet at overgangen frå yrkeslivet til pensjonstilværet kan skape tomrom for enkelte, der rus og isolasjon dessverre kan vere uheldige konsekvensar. Blir ein «tvinga» over i pensjonistane sine rekker, kan det forsterke slike konsekvensar. 

Barrierar for fleksibilitet 

I dag er omtrent sju av ti 60-åringar yrkesaktive, mens berre ein av ti 70-åringar framleis står i arbeid.  Dette heng saman med dei økonomiske insentiva i lovverket, der det straffar seg å stå i jobb etter fylte 70 år. Mange løyser dette med å opprette enkeltmannsføretak for så å leige seg inn til arbeidsgivaren igjen. Då vil ein miste stillingsvern og rettane ein har etter blant anna hovudtariffavtalen.  

Talet på 70-åringar i jobb vil nok endre seg på sikt – også med bakgrunn i pensjonsreforma, der dei som er 58 år og yngre i 2021 blir motiverte til å stå lenger i jobb.  

Dagens lovverk opnar for at ein kan stå i jobb til fylte 75 år ved å avtale forlengingar på to (og deretter eitt) år om gongen. Aukar ein aldersgrensa til 72 år, vil det få konsekvensar for denne ordninga. Kanskje blir ordninga på sikt meir aktuell for dei som er fødde etter 1962, som har alle yrkesaktive år med i pensjonsgrunnlaget.  

Men då hjelper det ikkje at ein både i offentleg og privat sektor kan avtale ei bedriftsintern aldersgrense som vil slå beina under slike ordningar. Eldreombodet meiner at når arbeidsgivaren og arbeidstakaren er samde om å halde fram arbeidsforholdet etter at arbeidstakaren fyller 70 år, bør det ikkje ligge sentrale barrierar i vegen for dette.  

Å auke aldersgrensa i staten vil også sende ein viktig signaleffekt til yngre arbeidsdeltakarar om å stå lenger i jobb. For det nytter ikkje berre å få 70-åringene til å halde fram i yrkeslivet – det vil på kort sikt gi marginale endringar for velferdsmodellen. I dag er avgangsalderen omtrent åtte år lågare enn grensa arbeidsmiljølova set. Og for kvart år som går, aukar avgangsalderen med ein månad. Å framleis auke den gjennomsnittlege avgangsalderen vil gi den viktigaste samfunnsøkonomiske gevinsten og være det beste verkemiddelet samanlikna med det å auke skattenivået eller krympe velferdsmodellen.  

Tenlege seniorgode 

Som tilsett i 60-åra har ein krav på ulike «seniorgode», for eksempel ekstra ferieveke og redusert arbeidstid. Hovudtariffavtalen gir statstilsette ytterlegare rettar, som blant anna seniordagar. Fordelen med desse goda er at fleire eldre arbeidstakarar kan stå lenger i jobb – ein kan finne ein stillingsprosent som er tilpassa den enkelte sin arbeidskapasitet. Dette gir ein fornuftig fleksibilitet som medfører at fleire har høve til å stå lenger i jobb. Nokre vil hevde at det å auke aldersgrensa vil truge seniorgoda. Eldreombodet vil hevde at individuelle tilpassingar vil gagne både arbeidsgivarane og arbeidstakarane.  

Høyringsnotatet skisserer også at talet på konfliktar kan eskalere ved auka aldersgrense i staten. Eldreombodet deler ikkje denne bekymringa. Med konkrete stillingsomtalar, god dialog og forventingsstyring kan potensielle konfliktar reduserast vesentleg. Arbeidskonfliktar kan like mykje vere eit resultat av passiv leiing som av alder og produktivitet. God leiing skaper færre arbeidskonfliktar. Det er med andre ord behov for aldersvennleg leiing som er tilpassa dei behova arbeidstakarane har i dei ulike fasane av yrkeslivet.   

Eldreombodet ønsker velkomen forslag som kan vere med på å oppretthalde den norske velferdsmodellen og gi meir fleksibilitet til dei som både kan og vil jobbe lenge. Å harmonisere lovverket mellom privat og statleg sektor er eit fornuftig forslag som vi støttar. Men det som bør prioriterast høgast i åra som kjem, er tiltak som stimulerer dagens 60-åringar til å stå lenger i jobb.