Høyringssvar om investeringstilskot til tryggleiksbustader

Tryggleiksbustader må ikkje erstatte meir omfattande tilbod. Kommunane må ha eit heilskapleg perspektiv på tenestene dei tilbyr.

PUBLISERT:
20.07.2021
OPPDATERT:
23.07.2021

Eldreombodet har gitt dette høyringssvaret om forslaget til forskrift om investeringstilskot til tryggleiksbustader frå Husbanken

Innleiing

Eldreombodet støttar initiativet om å sjå på løysingar som førebur kommunane og befolkninga på den demografiske utviklinga dei neste tiåra. Tryggleiksbustader kan vere ei slik løysing.

For at kommunane skal kunne tilby tenester som er tilpassa den einskilde innbyggaren, må den såkalla omsorgstrappa ha fleire trappetrinn enn i dag.

Tryggleiksbustader kan nettopp utgjere eit slikt nytt trinn, ved å legge til rette for at innbyggarane kan vere sjølvhjelpte lenger.

Må ikkje erstatte meir omfattande tilbod

Investeringstilskot til tryggleiksbustader utan heildøgns omsorg i kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 vil såleis vere eit godt tiltak. Slike bustader kan gi tryggleik for den einskilde, og legg ikkje unødig press på tyngre tenester frå kommunane for tidleg.

Men dersom tryggleiksbustader skal fungere som eit nytt trinn i omsorgstrappa, må trinna høgare oppe ha tilstrekkeleg kapasitet.

Manglar det kapasitet på høgare trinn i omsorgstrappa, vil kommunane måtte tildele tryggleiksbustader til personar som har eit større helse- og omsorgsbehov enn det desse bustadene er tenkt å stette. Då misser ein verdien av tryggleiksbustader. Kommunane må altså ha eit heilskapleg perspektiv på tenestene dei tilbyr.

Eldreombodet tilrår at kommunane må dokumentere dette heilskapsperspektivet i søknaden om tilskotet til tryggleiksbustader.

Tryggleiksvertane må gi reell tryggleik

Eldreombodet er positiv til forslaget om at tryggleiksbustadene skal ha ein tryggleiksvert. Men for at vertane skal gi reell tryggleik for bebuarane, er det avgjerande at dei har god kapasitet og fleire funksjonar.

Vi tilrår derfor at tryggleiksverten

  • har stor nok stillingsprosent til at både bebuarar og tryggleiksverten opplever kontinuitet i tenesta
  • har kontor/arbeidsstasjon som er ein del av tryggleiksbustaden
  • har kompetanse til å kunne hjelpe bebuarar med å unngå digitalt utanforskap
  • bidreg til at bebuarane får medverke ved at verten organiserer bebuarmøter kor bebuarane får ta avgjerder i bufellesskapet
  • organiserer aktivitetar og motiverer til sosial og fysisk aktivitet for dei av bebuarane som ynskjer det
  • har god oversikt over det øvrige tilbodet i kommunen, og dermed kan rettleie og hjelpe bebuarane med å søke om kommunale og private tenester
  • gir praktisk kvardagsbistand som menneske med nedsett funksjonsevne og få pårørande i nærleiken har vanskar med å få utført sjølve

Må sikrast for målgruppa i minst 30 år

I høyringsnotatet står det at kommunar som får tilskotet må sikre at bustadene vert reserverte for målgruppa i minst 20 år. Eldreombodet foreslår at kravet vert auka til å gjelde minst dei neste 30 åra, gitt kunnskapen vi har om den demografiske utviklinga. 

Koronapandemien har vist at den sosiale isolasjonen blant eldre er utbreidd.

Sosial isolasjon og einsemd heng saman med auka dødelegheit og risiko for sjukdom. Buformer kor eldre kan leve saman, med eit godt smittevern gjennom liknande periodar i framtida, vil vere positivt i eit pandemi- og beredskapsperspektiv.

Namnet bør revurderast

Vi vil elles peike på at omgrepet “tryggleiksbustader” allereie vert brukt om andre buformer i enkelte kommunar.

Eldreombodet rår derfor departementet til å revurdere namnevalet på den nye ordninga.