Arbeid

PUBLISERT:
09.12.2020
OPPDATERT:
18.06.2021

Stadig fleire eldre er i jobb. Men eldre blir ofte vurderte som mindre attraktive enn yngre arbeidssøkarar. 

Meir enn sju av ti nordmenn i alderen 55–64 år er i jobb. I aldersgruppa 65–69 år jobbar drygt éin av fire. 

Avgangsalderen i arbeidslivet har gått opp. Den gjennomsnittlege avgangsalderen var 65,6 år i 2017, det er 1,9 år høgare enn i 2001. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Leiarar reknar dei over 56 år som eldre

Senter for seniorpolitikk publiserer årleg Seniorpolitisk barometer, som viser utviklinga i avgangsalderen og haldningane til eldre arbeidstakarar i arbeidslivet.

For 2018 viste barometeret at eldre arbeidssøkarar gjennomgåande blir vurderte som mindre attraktive enn yngre arbeidssøkarar. 

Leiarar i arbeidslivet anslår i snitt at folk vert rekna som eldre i arbeidslivet når dei er 56,3 år. Dei yrkesaktive svarar i snitt at folk vert rekna som eldre når dei er 59,4 år. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Aldersdiskriminering

Likestillings- og diskrimineringsombodet behandlar saker om alder som grunnlag for diskriminering. Det er ofte arbeidstakarar i 60-åra som klagar. Sakene dreier seg om rekrutteringsprosessar, forbigåing ved tilsetting, aldersgrenser og oppseiing. 

I over halvparten av klagesakene som gjeld alder, har Likestillings- og diskrimineringsombodet konkludert med at det har vore lovbrot. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Les om korleis du kan klage på aldersdiskriminering