Eldres helse

PUBLISERT:
09.12.2020
OPPDATERT:
03.09.2021

Eldre har betre helse enn før. Det er eit gode for den enkelte og for samfunnet at eldre kan delta og bidra lenger enn før.

Samstundes betyr auka alder også ein auka risiko for helse- og funksjonsproblem. 

Betre helse og funksjonsevne enn før

Eldre i dag har betre funksjonsevne og betre sjølvopplevd helse enn tidlegare. Ein norsk 65-åring kan no i gjennomsnitt forvente å ha 15–20 funksjonsfriske år føre seg. 

Menn på 80 år i dag har like god funksjonsevne, definert som gripestyrke, som ein 75-åring hadde for ein generasjon sidan. 

Grupper med lengre utdanning og god økonomi har høgare forventa levealder enn grupper med låg utdanning og dårleg økonomi. 

Lårhalsbrot og fallskader kan få store konsekvensar for eldres helse og livskvalitet. Det er anslått at det er om lag 9000 hoftebrot i Noreg i året. Lårhalsbrot er tre gonger så vanleg hos kvinner som hos menn, og gjennomsnittsalderen er om lag 80 år. 

Fleire eldre enn yngre har tannhelseproblem. 

Høg legemiddelbruk

Eldre har ofte fleire sjukdomar samtidig. Den medisinske utviklinga og god tilgang på helse- og omsorgstenester gjer at mange lever gode liv og meistrar kvardagen, også med kronisk sjukdom. 

Mange eldre har fleire kroniske sjukdomar, og legemiddelbruken er difor høg blant eldre. Legemiddel kan vere særs nyttige og livsnaudsynte, men eit høgt legemiddelforbruk aukar også faren for farlege og ubehagelege biverknader.

Legemiddellista til den enkelte skal vere skreddarsydd for at medisinane skal  gi best mogleg effekt og minst mogleg biverknader. 

Legen din har ansvaret for at lista over legemiddel som du brukar, er oppdatert. Be gjerne legen om å få gå gjennom lista saman. 

Fleire med demens 

Risikoen for å få demens går ned. Men talet på personar med demens aukar fordi det blir mange fleire eldre.  

Oppdaterte studiar anslår at det er drygt 100 000 nordmenn med demens i dag. Det er antatt at 238 000 nordmenn vil ha demens i 2050.

Høyrselstap rammar kommunikasjonen

Nedsett syn og høyrsel er vanleg blant eldre. Det kan redusere den sosiale kontakten og gjere det vanskelegare å fungere godt i kvardagen.

Nær éin av ti over 66 år seier at dei har problem med synet sjølv om dei brukar briller. 

Éin av fem over 66 år oppgir at dei har problem med høyrselen sjølv om dei brukar høyreapparat.

Opp mot halvparten av dei over 65 år, og omtrent tre firedelar av dei over 74 år, har eit høyrselstap som har følger for kommunikasjonen.

Forsking viser at nedsett høyrsel kan vere ein av dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle demens. Ved svekka høyrsel etter fylte 55 år, kan difor høyreapparat vere god førebygging mot å utvikle demens.

Depresjon og angst vanlegaste psykiske lidingar 

Det er høg forekomst av psykiske lidingar blant eldre. Eldre har ofte samansatte utfordringar og mindre kapasitet til å handtere dei.

Depresjon er den vanlegaste psykiske sjukdomen hos eldre.

Blant pasientar i sjukeheim vert det anslått at om lag 40 prosent har symptom på psykiske lidingar. Norsk forsking viser ein stor auke i forekomsten av depresjon blant heimebuande eldre.

Dansk forskning anslår at 60 prosent av eldre med depresjonar blir oversett og ikkje diagnostisert.

Kva er depresjon?

Depresjon er ein tilstand som skil seg frå det å vere trist, einsam eller å oppleve sorg.

Depresjon er ei psykisk liding som er kjenneteikna av symptom som pessimisme, håpløyse, manglande initiativ og tap av motivasjon, interesse eller evna til å glede seg over ting.

Kva er angst?

«Å kjenne angsten på kroppen» kan vere ein vanleg reaksjon på noko ubehageleg i kvardagen.

Men angst er også eit symptom på psykisk sjukdom. Kjenneteikn på angst kan vere sterk spenning, ei kjensle av uro, rastløyse og bekymring. Ein kan også få kroppslege symptom som skjelvingar og svimmelheit.

Når angsten vert vedvarande, og gir utfordringar i kvardagen, er det meir enn ein kroppsleg reaksjon. For andre psykiske lidingar som depresjon eller psykosesjukdom, kan angst vere eitt av symptoma.

Mange er einsame

Fleire eldre enn yngre rapporterer at dei er einsame. 

Rundt 4 av 10 over 80 år er einsame, og nesten halvparten av dei som bur åleine eller har svekka helse, er plaga av einsemd. Det kan forsterke både fysiske og psykiske vanskar.

Under koronapandemien har sosial isolasjon og einsemd vore ei tung ekstrabelastning for mange eldre.

Mål om aktive liv

Noreg har slutta seg til måla til Verdas helseorganisasjon (WHO) om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsomme sjukdomar. Målet er ein nedgang på 30 prosent innan 2030. 

Noreg har også slutta seg til måla om at færre skal vere fysisk inaktive. Måla til WHO er ein nedgang på 10 prosent innan 2025 og 15 prosent innan 2030. 

Eit hovudmål er at alle, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får høve til å bevege seg og vere i fysisk aktivitet. Dette er i tråd med berekraftmåla til FN. 

 

Les meir om helse- og omsorgstilbodet i kommunane.  

 

Kjelder: høyringsnotatet om eldreombudslova, proposisjonen om eldreombudslova, Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse