Framtidsfullmakt
Ønsker du at nokon du stoler på skal ta hand om interessene dine den dagen du ikkje klarar det sjølv? Løysinga kan vere å opprette ei framtidsfullmakt.
Demens eller annan alvorleg sjukdom kan gjere at du i framtida treng hjelp av nokon til å avgjere ulike spørsmål på vegner av deg. Ei framtidsfullmakt er eit dokument som kan sikre deg slik hjelp.
Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, blir du «fullmaktsgivar», og personen du peikar ut til å ta hand om interessene dine, blir «fullmektig» eller «framtidsfullmektig».
Det er i utgangspunktet gratis å opprette ei framtidsfullmakt, og du kan sjølv skrive fullmakta. Eventuelt kan du betale ein advokat for å hjelpe deg.
Kva må du vurdere?
Det er mange ting å ta stilling til når ein skal opprette ei framtidsfullmakt.
På nettstaden til statsforvaltarane finn du informasjon om blant anna
- korleis framtidsfullmakta skal utformast
- kva fullmakta skal omfatte
- kva du gjer etter at fullmakta er oppretta
- når framtidsfullmakta tar til å gjelde
- korleis fullmakta skal stadfestast
Eksempel på utforming av framtidsfullmakt
På Vergemålsportalen ser du eksempel på korleis ei framtidsfullmakt kan settast opp.
Merk at eksempla ikkje er malar du må følge.
Det er opp til deg som fullmaktsgivar å avgjere kva framtidsfullmakta skal innehalde.
Statsforvaltaren svarar på spørsmål
Har du spørsmål om ordninga med framtidsfullmakt? Då kan du kontakte statsforvaltaren i fylket ditt.