Helse og omsorg

PUBLISERT:
09.12.2020
OPPDATERT:
18.06.2021

Eldre har betre helse enn før, men med aukande levealder vil fleire få helseproblem.

Helseundersøkingar og livsløpsstudiar viser at eldre i dag har betre funksjonsevne og betre sjølvopplevd helse enn tidlegare. Ein norsk 65-åring kan no i gjennomsnitt forvente å ha 15–20 funksjonsfriske år føre seg. 

Tromsøundersøkinga viser at menn på 80 år i dag har like god funksjonsevne, definert som gripestyrke, som ein 75-åring hadde for ein generasjon sidan. 

Helse- og funksjonsproblem aukar med alderen. Med fleire eldre som lever lenger, må vi forvente at fleire får helseproblem. 

Grupper med lengre utdanning og god økonomi har høgare forventa levealder enn grupper med låg utdanning og dårleg økonomi. 

Fleire eldre enn yngre har tannhelseproblem. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt rettane dine, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. 

Les meir om klaging

Høg legemiddelbruk

Eldre har ofte fleire sjukdomar samtidig. Den medisinske utviklinga og god tilgang på helse- og omsorgstenester gjer at mange lever gode liv og meistrar kvardagen, også med kronisk sjukdom. Legemiddelbruken er høg blant eldre. 

Hoftebrot og fallskader kan få store konsekvensar for eldres helse og livskvalitet. Det er anslått at det er om lag 9000 hoftebrot i Noreg i året. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova  

Fleire med demens 

Risikoen for å få demens går ned. Men talet på personar med demens aukar fordi det blir mange fleire eldre. Det vert anslått at om lag 70 000 personar har demens i Noreg.

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Høyrselstap rammar kommunikasjonen

Nedsett syn og høyrsel er vanleg blant eldre. Det kan redusere den sosiale kontakten og gjere det vanskelegare å fungere godt i kvardagen.

Nær éin av ti over 66 år seier at dei har problem med synet sjølv om dei brukar briller. 

Éin av fem over 66 år oppgir at dei har problem med høyrselen sjølv om dei brukar høyreapparat. Opp mot halvparten av dei over 65 år, og omtrent tre firedelar av dei over 74 år, har eit høyrselstap som har følger for kommunikasjonen. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Depresjon og angst vanlegaste psykiske lidingar 

Når det gjeld psykiske helseproblem i den eldre befolkninga, er depresjon og angst dei vanlegaste lidingane. 

Blant pasientar i sjukeheim vert det anslått at om lag 40 prosent har symptom på psykiske lidingar. 

Kjelde: høyringsnotatet om eldreombudslova 

Mange er einsame

Fleire eldre enn yngre rapporterer at dei er einsame. 

Rundt 4 av 10 over 80 år er einsame, og nesten halvparten av dei som bur åleine eller har svekka helse, er plaga av einsemd. Det kan forsterke både fysiske og psykiske vanskar.

Kjelde: proposisjonen om eldreombudslova 

Mål om aktive liv

Noreg har slutta seg til måla til Verdas helseorganisasjon (WHO) om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsomme sjukdomar. Målet er ein nedgang på 30 prosent innan 2030. 

Noreg har også slutta seg til måla om at færre skal vere fysisk inaktive. Måla til WHO er ein nedgang på 10 prosent innan 2025 og 15 prosent innan 2030. 

Eit hovudmål er at alle, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får høve til å bevege seg og vere i fysisk aktivitet. Dette er i tråd med berekraftmåla til FN.